Eg har laga mi fyrste fotobok på Solo Foto Book Month (SoFoBoMo). Klikk på Fruity for å lasta den ned.
(Nokre månadar etter at eg skreiv detta, vart prosjektet SoFoBoMo lagt ned og nettsida like så, derfor ligg boka her som ein PDF, i staden for å vera flott og fjong på nettsida deira)


Gratulerer med fullført bok. Den malte maten fungerer jo ypperlig i desse landskapa, som er ganske fargerike frå før. Sidan eg automatisk forventar at det skal vera ei malt matvare i biletet etter å ha sett på dei bildene der matvarene er veldig sentrale, så blir det noko spesielt med dei bildene der dei ikkje er så lette å sjå ved første augekast, enten på grunn av at fargen/størrelsen “kamuflerer” dei litt eller at forma/linjene i biletet skapar kamuflerande verknader. Det får ein liksom til å sjå ekstra nøye på bildene, kanskje delvis også av di ein aldri heilt veit om det fins fleire ting ein kan få auge på.
Tusen takk. Rekkjefølge og utvalg er noko tilfeldig, men synes det funka sånn nokonlunde. Mitt motiv er å bli i godt humør av å ta bileta, håper andre blir det av å sjå på dei.