Skallelv er ein av yndlingsstadene mine langs varangerfjorden. I dag tok eg med fotokurset på safari hit, og vart ikkje skuffa! Staden i seg sjølv er fin, og inneheld mange merksnodige byggverk og hyggelege folk- og dyr. Aldri har eg sett fleire bobbisar dandert på så få kvadratmeter. Skattejakt!
Vi var knallheldige med været, og fikk femten varmegrader, sol bak slørete skyer, litt tyngre skyer, litt knallsol og vind i håret. Regn som holdt inne akkurat til vi snudde. Himmel som beveger seg heile tida. Folk som synes det er greit å få hagen invadert av knipsarar.








